Orango
Mohican
Nordmøres einaste americana-inspirerte rockeband er tilbake med ny plate, og den er full av godsaker
Underteikna har høyrt ein del på Orango, men av alle platene er det utvilsamt Battles frå 2014 som har stått mest sentralt i dette forhaldet. No er det fire år sidan førre plate, og med ein gong kan ein høyre at Mohican er det mest direkte sidan nemnte Battles.
Det startar rett nok roleg, med The Creek, som etter eit lite minutt med roleg song og vokal, bryt ut i eit galopperande riff. Bring You Back Home kjem som ei naturleg oppfølging til åpningslåta, men det er først med Fryin` at plata verkeleg byrjar å finne seg til rette. Etter dei to «oppvarmingslåtane» set nummer tre som eit skudd, og her skal det godt gjerast å ikkje nikke taktfast med når denne blir spelt live.
Og frå denne låta, og til den kanskje beste låta på plata, Hawkeye, flyter plata veldig fint, noko som alltid er eit godt teikn. War Camp er også grei, men manglar på ein måte eit eller anna for å fortsette den flyten som midtpartiet i plata hadde. Dust and Dirt er fin, men blir ståande litt åleine, utan at det egentlig gjer noko. Det same gjer Aint no Road, som fungerer som ei finfin avslutning på plata.
Kanskje er det ei døande rase, plateformatet. Det har i alle fall gått rykte om det i lengre tid, sjølv om det lev i beste velgåande, noko Orango veit å setje pris på med Mohican. Her er det både ein skikkeleg intro, fin flyt i midpartiet, og ei finfin western-ballade for å avrunde det heile.
Med Mohican seier bandet sjølve dei har lage si beste plate hittil. Battles vil nok framleis stå øvst for denne anmeldaren, men med denne har dei klart å forene lyden på dei to føregåande med eit til tider direkte rocke-sound. Slik sett er kanskje den mest komplette plata til bandet, og absolutt ei av dei betre hittil.

FLERE ANMELDELSER
Levi Henriksen & Babylon Badlands - Aldri var november så lys
Tidenes første livealbum fra Kongsvinger >>
Ulver - Liminal Animals
Ulver leverer framleis musikk på sin måte og med høg kvalitet på Liminal Animals >>
Great Tide - Daywatcher
Kvalitet, kvalitet og atter kvalitet. Great Tide leker ikke, de feinschmecker det! >>
Sondre Lerche - Two Way Monologue - 20th Anniversary
Et av hans beste album, nå på vinyl med 4 eksklusive bonuskutt >>
Paul McCartney & Wings - One Hand Clapping
Paul McCartney og Wings byr på en liten skattekiste med nye og gamle låter i den kinoaktuelle dokumentarfilmen "One Hand Clapping". >>