Heile 9 år har gått sidan Nekromantheon gav ut den eminente debutplata Rise, Vulcan Spectre. Det er fleire grunnar til det, mellom anna andre prosjekt for bandmedlemmane, men no er altså oppfylgaren endelig her, og godt er det!

The Visions of Trismegistos er den smekre tittelen plata har fått, utan at underteikna har fått med seg kvifor. Likevel klinger det godt på ei slik plate, og passar perfekt saman med det fantastisk kule og passande coveret. I vinylutgåva er det enda bedre, og heile layouten har eit preg av middelalderskrift, som unektelig ser veldig kult ut. Og når du sett på LP-en, er lyden nesten enda styggare enn det du får via f.eks CD eller Spotify. Very True metal indeed!

Og når det kjem til sjølve musikken, treff også bandet veldig fint med den. Uten at eg heilt klarer å setje fingeren på det, likar eg fortsatt debuten best, men denne plata er jaggu ikkje langt bak. Dei klarer også fint å inkorporere ein del ”rolige” element her, slik som oppbygninga til Scorched Death og Neptune Decent. Begge låtene er utrulig godt oppbygd, men min favoritt er nok førstnevnte, som har eit heilt utruleg bra driv utover i låta!



Generelt er B-sida her den klart beste i underteikna si bok, og har igjen på eit slags ubestemmelig vis overtaket på A-sida. Eg føler på ein måte at eg har høyrt mykje av det som innleiar plata tidlegare, og det gjeld nok sikkert B-sida også. Likevel er det noko med ”feelen” på side B som er utruleg tøft! Heile plata byggjer jo sjølvsagt på thrash og blackmetal hovudsakleg frå 80-talet, men det funkar fortsatt! Og veldig kult at det fortsatt vert laga slik musikk i 2021!

Dead Temples og Thanatos rasar også på i eit heilt djevelsk tempo, og set som berre det i mi thrashbok. Zealot Reign setter fint ”feelen” på B-sida på plass, med eit heilt fantastisk kult midtparti, i ei ellers kjapp låt. Alt i alt har Nekromantheon levert ei solid skive, og ventinga har absolutt vore verdt det, om ein ser på resultatet! Håpar verkeleg det ikkje vert 9 år til neste!